Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 7:7-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. lagnadstimen kjem over deg som bur i landet.Tida er komen, dagen er nær!Forvirring rår, og ikkje eit glederop lyder over fjell.

8. No, snart, auser eg harmen min ut over degog fullfører vreidedommen.Eg dømmer deg for di ferdog gjev deg att for alle dine avskyelege gjerningar.

9. Eg viser inga medkjensleog sparer deg ikkje.Du skal få att for di ferd,dei avskyelege gjerningane dineskal koma over deg sjølv.Då skal de kjenna at det er eg, Herren, som slår.

10. Sjå dagen, sjå lagnadstimen kjem, han er her!Staven blømer, hovmod faldar seg ut.

11. Valden blir til ein stav av lovløyse.Men det blir ingenting att av dei,ingenting av den ståkande flokken,ingenting av rikdomen deira,og det er ingen som sørgjer over dei.

12. Tida er komen, dagen er nær!Den som kjøper, skal ikkje gleda seg,og den som sel, skal ikkje sørgja.For raseriet råkar heile den ståkande flokken i byen.

13. Seljaren får ikkje venda attende til det han har selt,så lenge dei lever.For synet gjeld heile den ståkande flokken,det skal ikkje takast tilbake.På grunn av si synd kan ingen tryggja sitt liv.

Les hele kapitlet Esekiel 7