Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Enden kjem

1. Herrens ord kom til meg:

2. Du menneske! Så seier Herren Gud til Israels land:Enden kjem! Enden over dei fire verdshjørna.

3. No er enden over deg.Eg sender min vreide mot deg.Eg dømmer deg for di ferdog gjev deg att for alle dine avskyelege gjerningar.

4. Eg viser inga medkjensleog sparer deg ikkje.Du skal få att for di ferd,og dei avskyelege gjerningane dineskal koma over deg sjølv.Då skal de kjenna at eg er Herren.

5. Så seier Herren Gud:Ulukke, ei ulukke utan like!Sjå, ho kjem.

6. Enden kjem, ja, enden kjem,han vaknar mot deg. Sjå, han er her,

7. lagnadstimen kjem over deg som bur i landet.Tida er komen, dagen er nær!Forvirring rår, og ikkje eit glederop lyder over fjell.

8. No, snart, auser eg harmen min ut over degog fullfører vreidedommen.Eg dømmer deg for di ferdog gjev deg att for alle dine avskyelege gjerningar.

9. Eg viser inga medkjensleog sparer deg ikkje.Du skal få att for di ferd,dei avskyelege gjerningane dineskal koma over deg sjølv.Då skal de kjenna at det er eg, Herren, som slår.

10. Sjå dagen, sjå lagnadstimen kjem, han er her!Staven blømer, hovmod faldar seg ut.

11. Valden blir til ein stav av lovløyse.Men det blir ingenting att av dei,ingenting av den ståkande flokken,ingenting av rikdomen deira,og det er ingen som sørgjer over dei.

12. Tida er komen, dagen er nær!Den som kjøper, skal ikkje gleda seg,og den som sel, skal ikkje sørgja.For raseriet råkar heile den ståkande flokken i byen.

13. Seljaren får ikkje venda attende til det han har selt,så lenge dei lever.For synet gjeld heile den ståkande flokken,det skal ikkje takast tilbake.På grunn av si synd kan ingen tryggja sitt liv.

14. Dei blæs i horn og gjer alt klart,men ingen dreg ut i krig.For harmen min går ut over heile flokken.

15. Ute herjar sverdet, inne rår pest og svolt.Den som er på marka, må døy for sverd,og den som er i byen, han skal svolt og pest fortæra.

16. Dei som slepp unna, flyktar til fjells,som duer frå dalane.Dei skal alle klaga,kvar for si eiga synd.

17. Alle hender heng slappe,og alle kne blir som vatn.

18. Dei bind sekkestrie om seg,dei er kledde i redsle.I alle andlet er det skam,og alle hovud er glattraka.

19. Dei kastar sølvet på gataog reknar gullet som noko ureint.Verken sølvet eller gullet kan berga deipå Herrens vreidedag.Det stiller ikkje tørsten,det fyller ikkje magen.Men det har fått dei til å falla i synd.

20. I sitt hovmod har dei teke sine staselege smykkeog laga seg avskyelege og motbydelege gudebilete av dei.Difor gjer eg det ureint for dei.

21. Eg gjev det som rov i framande hender,til bytte for dei lovlause på jorda,og dei skal vanhelga det.

22. Når eg vender andletet bort frå dei,skal dei vanhelga min dyre skatt.Røvarar skal bryta seg inn og vanhelga han.

23. Lag lenkjer! For landet er fullt av drapssaker,og byen er full av vald.

24. Eg lèt dei verste folkeslaga koma og ta husa deira.Eg gjer ende på hovmodet til dei sterke,og heilagdomane deira skal vanhelgast.

25. Redsla kjem,dei søkjer redning, men finn henne ikkje.

26. Ulukke følgjer på ulukke,rykte på rykte kjem opp.Dei skal søkja syn hos profeten,det blir slutt på rettleiing frå prestenog på råd frå dei eldste.

27. Då skal kongen sørgja,fyrsten skal kle seg i redsle,og folk skal skjelva på handa.Eg vil gå fram mot dei slik dei sjølve har gått fram,og dømma dei slik dei sjølve har dømt.Då skal dei kjenna at eg er Herren.