Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 46:17-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Men gjev han ein av tenarane sine ei gåve av eigedomen sin, skal ho vera hans til frigjevingsåret. Då skal ho gå tilbake til fyrsten. Hans jordeigedom skal vera berre for sønene.

18. Fyrsten må ikkje ta jord frå folket så han driv nokon bort frå eigedomen deira. Berre av eigen eigedom kan han gje sønene arv, så folket mitt ikkje skal jagast bort frå eigedomen sin.

19. Han førte meg gjennom inngangen attmed porten til dei romma i heilagdomen som er for prestane, dei som vender mot nord. Og sjå, der var det ein stad lengst mot vest.

20. Han sa til meg: «Dette er den staden der prestane skal koka skuldofferet og syndofferet og baka grødeofferet. Dei må ikkje bera det ut i den ytre føregarden så dei gjer folket heilagt.»

21. Så førte han meg ut til den ytre føregarden og rundt til dei fire hjørna. Og sjå, i kvart hjørne var det eit gardsrom.

22. I dei fire hjørna låg det slike små gardsrom, førti alner lange og tretti alner breie. Alle fire hadde same mål.

23. Det gjekk ein steinmur rundt kvar av dei fire, og det var bygd kokeplassar langs foten av muren.

24. Han sa til meg: «Dette er kjøkken der tempeltenarane koker slaktoffera for folket.»

Les hele kapitlet Esekiel 46