Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Fyrsten i tempelet

1. Så seier Herren Gud: Porten til den indre føregarden, den som vender mot aust, skal vera stengd dei seks arbeidsdagane. Men på sabbatsdagane og nymånedagen skal han opnast.

2. Når fyrsten kjem utanfrå gjennom forhallen i porten, skal han stilla seg attmed ein av portstolpane. Medan prestane ber fram brennoffer og fredsoffer for han, skal han bøya seg og tilbe på dørstokken i porten og så gå ut att. Porten skal ikkje latast att før om kvelden.

3. Folket i landet skal tilbe Herren ved inngangen til denne porten på sabbatane og nymånedagane.

4. Brennofferet som fyrsten ber fram for Herren på sabbatsdagen, skal vera seks lam utan feil og ein vêr utan feil.

5. Grødeofferet skal vera ein efa mjøl til vêren, til lamma det han har for handa, og ein hin olje til kvar efa.

6. På nymånedagen skal han ofra ein ungokse utan feil, seks lam og ein vêr utan feil.

7. Som grødeoffer skal han gje ein efa mjøl til ungoksen, til vêren ein efa og til lamma så mykje han har råd til, og ein hin olje til kvar efa.

8. Når fyrsten kjem, skal han gå inn gjennom forhallen i porten, og same vegen skal han gå ut att.

9. Når folket i landet stig fram for Herren på høgtidene, skal dei som kjem inn gjennom nordporten for å tilbe, gå ut gjennom porten i sør, og dei som kjem inn gjennom sørporten, skal gå ut gjennom porten i nord. Dei skal ikkje gå ut att gjennom porten der dei kom inn, men gå ut på den andre sida.

10. Fyrsten skal gå inn saman med dei andre, og dei skal gå ut samtidig.

11. På festane og høgtidene skal grødeofferet vera ein efa til ungoksen, ein efa til vêren, til lamma det som er for handa, og ein hin olje til kvar efa.

12. Når fyrsten ber fram eit frivillig offer, anten det er eit brennoffer eller eit fredsoffer, eit frivillig offer for Herren, skal den austvende porten opnast for han. Han skal bera fram brennofferet eller fredsofferet sitt slik han gjer på sabbatsdagen. Så skal han gå ut, og porten skal latast att etter han.

13. Kvar dag skal du ofra eit årsgammalt lam utan feil som brennoffer til Herren. Kvar morgon skal du ofra det.

14. I tillegg til det skal du kvar morgon bera fram ein sjettedels efa mjøl som grødeoffer og ein tredjedels hin olje til å blanda finmjølet med. Grødeofferet til Herren er ei fast og evig ordning.

15. Lammet, grødeofferet og oljen skal kvar morgon berast fram som eit dagleg brennoffer.

16. Så seier Herren Gud: Når fyrsten gjev nokon av sønene sine ei gåve av eigedomen sin, skal ho høyra sønene hans til; dei får henne til odel og eige.

17. Men gjev han ein av tenarane sine ei gåve av eigedomen sin, skal ho vera hans til frigjevingsåret. Då skal ho gå tilbake til fyrsten. Hans jordeigedom skal vera berre for sønene.

18. Fyrsten må ikkje ta jord frå folket så han driv nokon bort frå eigedomen deira. Berre av eigen eigedom kan han gje sønene arv, så folket mitt ikkje skal jagast bort frå eigedomen sin.

Der slaktoffera blir kokte

19. Han førte meg gjennom inngangen attmed porten til dei romma i heilagdomen som er for prestane, dei som vender mot nord. Og sjå, der var det ein stad lengst mot vest.

20. Han sa til meg: «Dette er den staden der prestane skal koka skuldofferet og syndofferet og baka grødeofferet. Dei må ikkje bera det ut i den ytre føregarden så dei gjer folket heilagt.»

21. Så førte han meg ut til den ytre føregarden og rundt til dei fire hjørna. Og sjå, i kvart hjørne var det eit gardsrom.

22. I dei fire hjørna låg det slike små gardsrom, førti alner lange og tretti alner breie. Alle fire hadde same mål.

23. Det gjekk ein steinmur rundt kvar av dei fire, og det var bygd kokeplassar langs foten av muren.

24. Han sa til meg: «Dette er kjøkken der tempeltenarane koker slaktoffera for folket.»