Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 34:6-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Sauene mine villa seg bortpå alle fjell og høge haugar.Dei vart spreidde ut over heile jorda,ingen spør etter deiog ingen leitar.

7. Difor, gjetarar, høyr Herrens ord!

8. Så sant eg lever, seier Herren Gud:Sanneleg, sauene mine har vorte til rovog til føde for alle slag villdyr,for dei har ingen gjetar.Gjetarane mine spurde ikkje etter sauene.Dei gjette seg sjølve, ikkje sauene mine.

9. Difor, gjetarar, høyr Herrens ord!

10. Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot gjetaraneog krev dei til rekneskap for sauene mine.Eg avset dei som sauegjetarar.Og dei skal ikkje lenger få gjeta seg sjølve.Eg vil berga sauene mine ut or gapet deira.Dei skal ikkje ha dei til føde.

11. Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei.

12. Liksom ein gjetar tek seg av sauene sine og er med dei den dagen dei blir spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til då dei vart spreidde, på den mørke og skytunge dagen.

13. Eg vil føra dei ut frå folka, samla dei frå landa og føra dei inn i deira eige land. Så skal eg gjeta dei på fjella i Israel, i dalane og kvar dei enn bur i landet.

14. På gode beitemarker skal eg gjeta dei, dei skal ha engene sine på dei høge fjella i Israel. Der skal dei kvila i frodige enger. Dei skal gå på saftige beite på fjella i Israel.

15. Eg vil gjeta sauene mine og la dei kvila, seier Herren Gud.

16. Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.

17. De, min flokk! Så seier Herren Gud: Sjå, eg dømmer mellom ein sau og ein annan, mellom vêrar og bukkar:

Les hele kapitlet Esekiel 34