Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Dei dårlege gjetarane og den gode

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, tal profetord mot Israels gjetarar! Tal profetord og sei til dei:Så seier Herren Gud:Ve Israels gjetarar, som berre gjeter seg sjølve!Er det ikkje sauene dei skal gjeta?

3. De et feittetog kler dykk med ullaog slaktar dei beste dyra,men sauene gjeter de ikkje.

4. Ikkje har de styrkt dei veike,ikkje lækt dei sjuke,ikkje bunde om dei skadde,ikkje ført tilbake dei bortdrivne,ikkje leita opp dei bortkomne,men med makt har de herska over dei,og med tvang.

5. Sauene vart spreidde,dei hadde ingen gjetar.Dei vart til føde for alle slag villdyr,dei vart spreidde.

6. Sauene mine villa seg bortpå alle fjell og høge haugar.Dei vart spreidde ut over heile jorda,ingen spør etter deiog ingen leitar.

7. Difor, gjetarar, høyr Herrens ord!

8. Så sant eg lever, seier Herren Gud:Sanneleg, sauene mine har vorte til rovog til føde for alle slag villdyr,for dei har ingen gjetar.Gjetarane mine spurde ikkje etter sauene.Dei gjette seg sjølve, ikkje sauene mine.

9. Difor, gjetarar, høyr Herrens ord!

10. Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot gjetaraneog krev dei til rekneskap for sauene mine.Eg avset dei som sauegjetarar.Og dei skal ikkje lenger få gjeta seg sjølve.Eg vil berga sauene mine ut or gapet deira.Dei skal ikkje ha dei til føde.

11. Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei.

12. Liksom ein gjetar tek seg av sauene sine og er med dei den dagen dei blir spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til då dei vart spreidde, på den mørke og skytunge dagen.

13. Eg vil føra dei ut frå folka, samla dei frå landa og føra dei inn i deira eige land. Så skal eg gjeta dei på fjella i Israel, i dalane og kvar dei enn bur i landet.

14. På gode beitemarker skal eg gjeta dei, dei skal ha engene sine på dei høge fjella i Israel. Der skal dei kvila i frodige enger. Dei skal gå på saftige beite på fjella i Israel.

15. Eg vil gjeta sauene mine og la dei kvila, seier Herren Gud.

16. Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.

17. De, min flokk! Så seier Herren Gud: Sjå, eg dømmer mellom ein sau og ein annan, mellom vêrar og bukkar:

18. Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned resten av beitemarkene? Er det ikkje nok at de får drikka det klare vatnet, om de ikkje òg skal grumsa til resten med føtene?

19. Skal flokken min eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til?

20. Difor seier Herren Gud: Sjå, eg dømmer mellom dei feite og dei magre sauene.

21. De trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna til de får spreidd dei og drive dei ut.

22. Difor vil eg berga flokken min, dei skal ikkje meir bli til rov. Slik skal eg dømma mellom ein sau og ein annan.

23. Eg vil setja éin gjetar over dei, og han skal gjeta dei, min tenar David, han skal gjeta dei, han skal vera gjetaren deira.

24. Eg, Herren, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala.

25. Eg gjer ei fredspakt med dei. Eg ryddar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i ørkenen og sova i skogane.

26. Eg velsignar dei og landet omkring mi høgd. Eg lèt regnet falla i rett tid, regn til velsigning skal det vera.

27. Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i sitt land. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg bryt sund stengene på åket deira og bergar dei frå slavedrivarane.

28. Dei skal ikkje lenger vera eit bytte for folkeslaga, og villdyra skal ikkje eta dei. Trygt skal dei bu, og ingen skal skremma dei.

29. Eg lèt planter veksa opp som det går gjetord om, ingen i landet skal meir rivast bort av svolt. Aldri meir må dei tola spott frå folkeslaga.

30. Dei skal kjenna at eg, Herren deira Gud, er med dei, og at dei er mitt folk, Israels hus, seier Herren Gud.

31. De er sauene mine, flokken som eg gjeter. De er menneske, eg er dykkar Gud, seier Herren Gud.