Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 34:16-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.

17. De, min flokk! Så seier Herren Gud: Sjå, eg dømmer mellom ein sau og ein annan, mellom vêrar og bukkar:

18. Er det ikkje nok at de får gå på det beste beitet, om de ikkje òg skal trakka ned resten av beitemarkene? Er det ikkje nok at de får drikka det klare vatnet, om de ikkje òg skal grumsa til resten med føtene?

19. Skal flokken min eta det som de har trakka ned, og drikka det som de har grumsa til?

20. Difor seier Herren Gud: Sjå, eg dømmer mellom dei feite og dei magre sauene.

21. De trengjer alle dei veike unna med side og bog og stangar dei med horna til de får spreidd dei og drive dei ut.

22. Difor vil eg berga flokken min, dei skal ikkje meir bli til rov. Slik skal eg dømma mellom ein sau og ein annan.

23. Eg vil setja éin gjetar over dei, og han skal gjeta dei, min tenar David, han skal gjeta dei, han skal vera gjetaren deira.

24. Eg, Herren, skal vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste mellom dei. Eg, Herren, har tala.

25. Eg gjer ei fredspakt med dei. Eg ryddar ut villdyra i landet, så folk kan bu trygt i ørkenen og sova i skogane.

26. Eg velsignar dei og landet omkring mi høgd. Eg lèt regnet falla i rett tid, regn til velsigning skal det vera.

27. Trea på marka skal bera frukt, jorda skal gje si grøde, og folk skal bu trygt i sitt land. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg bryt sund stengene på åket deira og bergar dei frå slavedrivarane.

Les hele kapitlet Esekiel 34