Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 30:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Så seier Herren Gud:Eg lèt avgudane gå til grunneog gjer ende på fillegudane i Nof.Det skal ikkje lenger finnast nokon fyrste frå Egypt.Eg spreier redsle i landet.

14. Eg legg Patros audt,set eld på Soanog held dom over No.

15. Eg auser ut min harme over Sin,festningsbyen i Egypt,og øydelegg rikdomane i No.

16. Eg set eld på Egypt,Sin skal vri seg i smerte,No skal stormastog Nof takast midt på lyse dagen.

17. Dei unge mennene i On og Pi-Besetskal falla for sverd,og kvinnene må fara i fangenskap.

18. I Tahpanhes blir dagen mørknår eg bryt herskarstavane i Egyptså den stolte makta tek slutt.Skyer skal dekkja byen,døtrene hennar må fara i fangenskap.

19. Eg held dom over Egypt.Dei skal kjenna at eg er Herren.

20. Det var i det ellevte året, på den sjuande dagen i den første månaden. Herrens ord kom til meg:

21. Menneske, eg har brote armenpå farao, kongen i Egypt.Sjå, ingen har forbunde hanså han kan bli frisk att.Ingen har lagt han i fatleså han blir sterk nok til å gripa sverdet.

22. Difor seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot farao, kongen i Egypt.Eg bryt begge armane hans,både den sterke og den brotne.Eg slår sverdet ut av handa hans.

23. Eg spreier egyptarane mellom folkeslagaog strør dei ut i landa.

24. Eg styrkjer armane til kongen i Babelog gjev han mitt sverd i handa,men armane til farao bryt eg.Med banesår skal han sukkaog stønna framfor han.

25. Eg styrkjer armane til kongen i Babel,men armane til farao skal siga.Dei skal kjenna at eg er Herrennår eg legg sverdet mitt i handa på Babel-kongenog han retter det mot Egypt.

26. Eg spreier egyptarane mellom folkeslagaog strør dei ut i landa.Dei skal kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 30