Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 30:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren Gud:Klag og skrik: For ein dag!

3. Dagen er nær, Herrens dag er nær,ein skytung dag.Tida er innefor folkeslaga.

4. Sverdet kjem over Egypt.Rier av redsle grip Kusjnår egyptarar blir drepne,når rikdomane blir tekne frå deiog grunnmurane jamna med jorda.

5. Kusj og Put,Lud og alle ørkenfolka,Kub og menn frå land dei står i pakt med,skal falla for sverd saman med dei.

Les hele kapitlet Esekiel 30