Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 27:31-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

31. Dei rakar seg snaue på skallen for di skuld.Dei kler seg i sekkestrieog græt bittert over deg,ei bitter klage.

32. Dei stemmer i ei likklage,dei syng ut si klage over deg:Kven var som Tyrosder ute på havet?

33. Med varene du førte inn frå alle hav,metta du mange folk.Med den store rikdomen dinog alt du bytte til deg,gjorde du kongar på jorda rike.

34. No er du knust av havet,i djupet ligg du.Alt du bytte til degog heile hæren din har gått under.

35. Alle som bur ved kysten,er forstøkte over deg,håret reiser seg på hovudet til kongane,andletet er fordreia.

36. Kjøpmenn mellom folka plystrar hånleg til deg.Eit skremsel har du vorte,du er borte for alltid.

Les hele kapitlet Esekiel 27