Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Likklage over Tyros

1. Herrens ord kom til meg:

2. Du menneske, stem i ei likklage over Tyros!

3. Du skal seia til Tyros, som ligg ved portane til havet og handlar med folk på mange kystar:Så seier Herren Gud:Tyros, du har sagt:«Eg er fullkomen i min venleik.»

4. Midt ute på havetgår grensene dine.Dei som bygde deg,gjorde deg fullkomen i venleik.

5. Dei bygde med plankarav sypress frå Senir,ein seder frå Libanon tok deifor å laga deg ei mast.

6. Av eik frå Basan laga dei årar,treverk innlagt med elfenbeinlaga dei av sypress frå kittearøyane.

7. Seglet var av fint og fargerikt lin frå Egypt.Det skulle vera merket ditt.Solduken var blått og raudt purpurfrå Elisja-kystane.

8. Folk frå Sidon og Arvadvar rorskarane dine.Dine klokaste, Tyros,var mannskap.

9. Gebals eldste og klokaste mennvar skipstømrarane dine.Alle skip og sjøfolk på havetkom til deg for å byta varer.

10. Menn frå Persia, Lud og Putvar krigsmenn i hæren din.Dei hengde opp skjoldog hjelmar hos deg,dei kasta glans over deg.

11. Menn frå Arvad og din eigen hærstod omkring på murane,gammadearar var i tårna dine.Dei hengde opp skjolda sineomkring på muraneog gjorde deg fullkomen i venleik.

12. Tarsis dreiv handel med deg,for rikdomen din var stor.Dei gav deg sølv og jern,tinn og bly tilbake.

13. Javan, Tubal og Mesjekhandla med deg.Dei gav slavar og bronsekar i byte.

14. Frå Bet-Togarma gav dei degarbeidshestar, ridehestar og muldyr tilbake.

15. Folk frå Dedan handla med deg,mange øyar dreiv handel.Dei betalte tilbake med elfenbein og ibenholt.

16. Aram dreiv handel med degfordi du hadde alle slag handverk.Edelsteinar, raudt purpur og fargerikt tøy,fint lin, korallar og rubinargav dei deg tilbake.

17. Juda og Israels land handla med deg.Kveite frå Minnit, hirse og honning,olje og balsam gav dei i byte.

18. Damaskus dreiv handel med deg.Du hadde alle slag handverk,for rikdomen din var stor.Vin frå Helbon,ull frå Sahar

19. og Danog vin frå Usal gav dei deg tilbake.Også smijern, kassia og kalmusfekk du i byte.

20. Dedan handla med deg,fine hestedekken.

21. Arabia og alle fyrstane i Kedar dreiv handel,dei handla med lam, bukkar og geiter.

22. Kjøpmenn frå Saba og Ramahandla med deg,den finaste balsam,dyre steinar og gullgav dei deg tilbake.

23. Harran, Kanne og Edenog kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmadhandla med deg,

24. dei handla med degpå marknaden din,staselege klede og kapper av purpur,fargerike tøy, teppe med mønsterog snorer som var tvinna stramt.

25. Tarsis-skip var dine handelskaravanar.Du var fylt av varer og tungt lastamidt ute på havet.

26. Rorskarane førte deg til mange farvatn.Austavinden knuste degmidt ute på havet.

27. Din rikdom, dine varerog alt du fekk i byte,mannskap og styrmenn,skipstømrarar og bytehandlarar,alle krigsmenn og heile din hærsom er hos deg, søkkmidt ute på havetden dagen du går under.

28. Når skriket frå styrmennene lyder,skjelv strendene.

29. Då forlèt alle sine skip,rorskarane, mannskapet og sjømennene går i land.

30. Dei lèt klaga over deg lyda,dei skrik bittert.Dei kastar støv på hovudet,dei velter seg i oske.

31. Dei rakar seg snaue på skallen for di skuld.Dei kler seg i sekkestrieog græt bittert over deg,ei bitter klage.

32. Dei stemmer i ei likklage,dei syng ut si klage over deg:Kven var som Tyrosder ute på havet?

33. Med varene du førte inn frå alle hav,metta du mange folk.Med den store rikdomen dinog alt du bytte til deg,gjorde du kongar på jorda rike.

34. No er du knust av havet,i djupet ligg du.Alt du bytte til degog heile hæren din har gått under.

35. Alle som bur ved kysten,er forstøkte over deg,håret reiser seg på hovudet til kongane,andletet er fordreia.

36. Kjøpmenn mellom folka plystrar hånleg til deg.Eit skremsel har du vorte,du er borte for alltid.