Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 27:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Menn frå Arvad og din eigen hærstod omkring på murane,gammadearar var i tårna dine.Dei hengde opp skjolda sineomkring på muraneog gjorde deg fullkomen i venleik.

12. Tarsis dreiv handel med deg,for rikdomen din var stor.Dei gav deg sølv og jern,tinn og bly tilbake.

13. Javan, Tubal og Mesjekhandla med deg.Dei gav slavar og bronsekar i byte.

14. Frå Bet-Togarma gav dei degarbeidshestar, ridehestar og muldyr tilbake.

15. Folk frå Dedan handla med deg,mange øyar dreiv handel.Dei betalte tilbake med elfenbein og ibenholt.

16. Aram dreiv handel med degfordi du hadde alle slag handverk.Edelsteinar, raudt purpur og fargerikt tøy,fint lin, korallar og rubinargav dei deg tilbake.

17. Juda og Israels land handla med deg.Kveite frå Minnit, hirse og honning,olje og balsam gav dei i byte.

18. Damaskus dreiv handel med deg.Du hadde alle slag handverk,for rikdomen din var stor.Vin frå Helbon,ull frå Sahar

19. og Danog vin frå Usal gav dei deg tilbake.Også smijern, kassia og kalmusfekk du i byte.

20. Dedan handla med deg,fine hestedekken.

21. Arabia og alle fyrstane i Kedar dreiv handel,dei handla med lam, bukkar og geiter.

22. Kjøpmenn frå Saba og Ramahandla med deg,den finaste balsam,dyre steinar og gullgav dei deg tilbake.

23. Harran, Kanne og Edenog kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmadhandla med deg,

Les hele kapitlet Esekiel 27