Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 27:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Du menneske, stem i ei likklage over Tyros!

3. Du skal seia til Tyros, som ligg ved portane til havet og handlar med folk på mange kystar:Så seier Herren Gud:Tyros, du har sagt:«Eg er fullkomen i min venleik.»

4. Midt ute på havetgår grensene dine.Dei som bygde deg,gjorde deg fullkomen i venleik.

5. Dei bygde med plankarav sypress frå Senir,ein seder frå Libanon tok deifor å laga deg ei mast.

6. Av eik frå Basan laga dei årar,treverk innlagt med elfenbeinlaga dei av sypress frå kittearøyane.

7. Seglet var av fint og fargerikt lin frå Egypt.Det skulle vera merket ditt.Solduken var blått og raudt purpurfrå Elisja-kystane.

8. Folk frå Sidon og Arvadvar rorskarane dine.Dine klokaste, Tyros,var mannskap.

9. Gebals eldste og klokaste mennvar skipstømrarane dine.Alle skip og sjøfolk på havetkom til deg for å byta varer.

10. Menn frå Persia, Lud og Putvar krigsmenn i hæren din.Dei hengde opp skjoldog hjelmar hos deg,dei kasta glans over deg.

11. Menn frå Arvad og din eigen hærstod omkring på murane,gammadearar var i tårna dine.Dei hengde opp skjolda sineomkring på muraneog gjorde deg fullkomen i venleik.

12. Tarsis dreiv handel med deg,for rikdomen din var stor.Dei gav deg sølv og jern,tinn og bly tilbake.

13. Javan, Tubal og Mesjekhandla med deg.Dei gav slavar og bronsekar i byte.

14. Frå Bet-Togarma gav dei degarbeidshestar, ridehestar og muldyr tilbake.

Les hele kapitlet Esekiel 27