Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 25:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. For så seier Herren Gud:Du klappa i hendene,du trampa med føtene,du fryda deg over Israels land i forakt.

7. Sjå, difor lyfter eg handa mot degog gjev deg til bytte for andre folkeslag.Eg ryddar deg ut frå folkeslaga,eg utslettar deg frå landa,eg øydelegg deg.Og du skal kjenna at eg er Herren.

8. Så seier Herren Gud:Moab og Se'ir har sagt:«Judas hus er som alle andre folkeslag.»

9. Sjå, difor opnar egMoabs høgdedrag ved byane,frå byane til grensa,Bet-Jesjimot, Baal-Meon og Kirjatajim,pryden i landet.

10. Eg lèt folka frå aust ta landet i eigeslik eg gjorde med ammonittane.Ammonittane skal ikkje bli hugsamellom folkeslaga.

11. Mot Moab set eg dommen i verk,dei skal kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 25