Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Domsord mot grannefolk

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, vend deg mot ammonittane og tal profetord mot dei.

3. Sei til ammonittane: Høyr ordet frå Herren Gud:Så seier Herren Gud:Du sa ha-ha!om min heilagdom då han vart vanhelga,om Israels land då det vart lagt øyde,om Judas hus då dei gjekk i eksil.

4. Sjå, difor lèt eg folka frå aust ta deg i eige.Dei skal slå leir og setja opp bustader hos deg.Dei skal eta di frukt og drikka di mjølk.

5. Rabba gjer eg til ei beitemark for kamelar,Ammon til kvileplass for småfe.Då skal de kjenna at eg er Herren.

6. For så seier Herren Gud:Du klappa i hendene,du trampa med føtene,du fryda deg over Israels land i forakt.

7. Sjå, difor lyfter eg handa mot degog gjev deg til bytte for andre folkeslag.Eg ryddar deg ut frå folkeslaga,eg utslettar deg frå landa,eg øydelegg deg.Og du skal kjenna at eg er Herren.

8. Så seier Herren Gud:Moab og Se'ir har sagt:«Judas hus er som alle andre folkeslag.»

9. Sjå, difor opnar egMoabs høgdedrag ved byane,frå byane til grensa,Bet-Jesjimot, Baal-Meon og Kirjatajim,pryden i landet.

10. Eg lèt folka frå aust ta landet i eigeslik eg gjorde med ammonittane.Ammonittane skal ikkje bli hugsamellom folkeslaga.

11. Mot Moab set eg dommen i verk,dei skal kjenna at eg er Herren.

12. Så seier Herren Gud:Edom har hemna seg på Judas husog ført stor skuld over seg med sin hemn.

13. Difor seier Herren Gud:Eg lyfter handa mot Edomog ryddar ut menneske og dyr.Eg legg landet audt.Frå Teman til Dedan skal dei falla for sverd.

14. Eg hemnar meg på Edomved folket mitt, Israel.Dei skal gjera med Edometter min vreide og harme.Edom skal få kjenna min hemn,seier Herren Gud.

15. Så seier Herren Gud:Filistrane tok hemn,dei hemna seg med foraktog herja for gammal fiendskap skuld.

16. Difor seier Herren Gud:Sjå, eg lyfter handa mot filistrane,eg ryddar ut kretaraneog gjer ende på resten av folket ved kysten.

17. Eg tek ein hard hemn over deimed flammande straff.Dei skal kjenna at eg er Herrennår eg hemnar meg på dei.