Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 24:17-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Du skal sukka stilt, men du skal ikkje halda sørgjehøgtid over dei døde. Bind turbanen på deg og ta sandalar på føtene! Løyn ikkje skjegget, og et ikkje brødet folk kjem med!

18. Eg tala til folket om morgonen, om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var pålagd.

19. Då sa folket til meg: «Vil du ikkje fortelja oss kva dette har med oss å gjera? Kvifor gjer du det?»

20. Eg svara: Herrens ord kom til meg:

21. Sei til Israels hus: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, dykkar stolte vern, det som gjev auga glede og som sjela lengtar etter. Sønene og døtrene som de lét vera att, skal falla for sverd.

22. Då skal de gjera som eg har gjort: Løyn ikkje skjegget, et ikkje brødet folk kjem med!

23. Bind turbanen om hovudet, ta sandalar på føtene! Sørg ikkje, gråt ikkje! De skal visna bort i syndene dykkar og stønna til kvarandre.

24. Esekiel skal vera eit varsel for dykk. Alt han har gjort, skal de òg gjera. Når dette hender, skal de kjenna at eg er Herren Gud.

25. Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det som gjev auga glede og som sjela ber på, sønene og døtrene deira,

26. den dagen skal den som slepp unna, koma til deg og la deg få høyra om det.

27. Den dagen skal munnen din opnast framfor den som slapp unna. Du skal tala og ikkje lenger vera mållaus. Du skal vera eit varsel for dei, og dei skal kjenna at eg er Herren.

Les hele kapitlet Esekiel 24