Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Ve den blodige byen

1. Herrens ord kom til meg i det niande året, på den tiande dagen i den tiande månaden:

2. Menneske, skriv opp namnet på denne dagen, nettopp denne dagen! For kongen av Babel har rykt fram mot Jerusalem på nettopp denne dagen.

3. Fortel ei likning til dette trassige folket. Sei til dei:Så seier Herren Gud:Set gryta over!Set henne over og slå vatn oppi!

4. Legg kjøtstykke oppi,berre gode stykke av lår og bog,fyll gryta med dei beste knokane!

5. Ta det beste av småfeet!Legg ved under gryta.Lat henne koka opp,og lat knokane stå og koka.

6. Difor, så seier Herren Gud:Ve den blodige byen,gryta som har skjoldar,og som skjoldane ikkje går av.Tøm henne, stykke for stykke.Det er ikkje kasta lodd om henne.

7. For det flaut blod der i byen.Dei lét det renna på nakne bergetog slo det ikkje ut på bakkenså molda kunne dekkja det.

8. For å gje harmen fritt løp,for å få hemn,lét eg blodet renna på nakne bergetså det ikkje skulle dekkjast til.

9. Difor, så seier Herren Gud:Ve den blodige byen!Eg òg gjer bålet stort.

10. Legg på mykje ved,kveik opp eld!Kok kjøtet tørt,kok krafta inn,lat knokane bli brende.

11. Lat gryta stå tom på glørne,lat henne bli så varmat koparen gløder.Så skal ureinskapen smeltast ut or henneog skjoldane bli borte.

12. Skjoldar gjev strev.Men skjoldane går ikkje av,i elden med dei!

13. Du er urein og skamlaus.Eg reinsa deg,og endå vart du ikkje rein.No vil eg ikkje reinsa deg meirfør eg har brukt opp min harme på deg.

14. Eg, Herren, har tala.Det kjem, eg set det i verk,eg lèt ikkje vera.Eg viser ikkje medkjensleog angrar ikkje.Etter di ferd og dine gjerningarskal dei dømma deg,seier Herren Gud.

Profetens sorg

15. Herrens ord kom til meg:

16. Menneske, sjå, med eitt slag tek eg frå deg det som gjev auga glede. Men sørg ikkje, gråt ikkje og fell ikkje tårer.

17. Du skal sukka stilt, men du skal ikkje halda sørgjehøgtid over dei døde. Bind turbanen på deg og ta sandalar på føtene! Løyn ikkje skjegget, og et ikkje brødet folk kjem med!

18. Eg tala til folket om morgonen, om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var pålagd.

19. Då sa folket til meg: «Vil du ikkje fortelja oss kva dette har med oss å gjera? Kvifor gjer du det?»

20. Eg svara: Herrens ord kom til meg:

21. Sei til Israels hus: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, dykkar stolte vern, det som gjev auga glede og som sjela lengtar etter. Sønene og døtrene som de lét vera att, skal falla for sverd.

22. Då skal de gjera som eg har gjort: Løyn ikkje skjegget, et ikkje brødet folk kjem med!

23. Bind turbanen om hovudet, ta sandalar på føtene! Sørg ikkje, gråt ikkje! De skal visna bort i syndene dykkar og stønna til kvarandre.

24. Esekiel skal vera eit varsel for dykk. Alt han har gjort, skal de òg gjera. Når dette hender, skal de kjenna at eg er Herren Gud.

25. Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det som gjev auga glede og som sjela ber på, sønene og døtrene deira,

26. den dagen skal den som slepp unna, koma til deg og la deg få høyra om det.

27. Den dagen skal munnen din opnast framfor den som slapp unna. Du skal tala og ikkje lenger vera mållaus. Du skal vera eit varsel for dei, og dei skal kjenna at eg er Herren.