Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 21:7-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Menneske, vend deg mot Jerusalem, spå mot heilagdomen og tal profetord mot Israels land!

8. Sei til Israels land: Så seier Herren: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og ryddar ut både rettferdige og urettferdige hos deg.

9. Fordi eg vil rydda ut både rettferdige og urettferdige hos deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot alle menneske, frå sør til nord.

10. Alle menneske skal kjenna at eg, Herren, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma tilbake dit.

11. Men du, menneske, skal stønna som om hoftene blir knuste. Med bitter smerte skal du stønna rett framfor auga på dei.

12. Og når dei seier til deg: Kvifor stønnar du, skal du svara: På grunn av ei melding som kjem. Då skal kvart hjarte smelta bort, alle hender bli slappe, kvar ånd bli motlaus og alle kne bli som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! seier Herren Gud.

13. Herrens ord kom til meg:

14. Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren:Sverd, sverd, kvesst og slipt,

15. kvesst for å slakta,slipt for å blinka som lyn.– Eller skal vi gleda oss?Herskarstaven til son min foraktar du, kvart tre. –

16. Sverdet vart gjeve til slipingog lagt i handa.Det vart kvesst og sliptog gjeve til den som skal drepa.

17. Skrik og hyl, du menneske!For sverdet råkar mitt folkog alle Israels fyrstar.Dei er overlatne til sverdetsaman med mitt folk.Difor skal du slå deg på låret.

18. For dette er prøva.Kva om du òg har forakta herskarstaven?Det skal ikkje henda,seier Herren Gud.

19. Du menneske, tal profetordog slå i hop hendene!To og tre gonger skal sverdet råka.Det er eit sverd som drep mange,eit veldig drapssverdsom trengjer djupt inn,

20. så hjartet skal skjelvaog mange skal snubla.Eg set eit slaktesverdved alle portane deira.Ve! Det er laga for å lyna,slipt for å slakta.

Les hele kapitlet Esekiel 21