Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Skogen skal brenna

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, vend deg i retning Teman, spå mot sør og tal profetord mot skoglandet i Negev!

3. Sei til Negev-skogen: Høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Eg set fyr på deg, og elden skal svi av kvart tre i deg, både friske og tørre. Den logande elden skal ikkje slokna, men svi kvart andlet frå sør til nord.

4. Alle menneske skal sjå at eg, Herren, har kveikt elden, og han skal ikkje slokna.

5. Då sa eg: Å, min Herre og Gud! Dei seier om meg: «No talar han i likningar att!»

Sverd skal drepa

6. Herrens ord kom til meg:

7. Menneske, vend deg mot Jerusalem, spå mot heilagdomen og tal profetord mot Israels land!

8. Sei til Israels land: Så seier Herren: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og ryddar ut både rettferdige og urettferdige hos deg.

9. Fordi eg vil rydda ut både rettferdige og urettferdige hos deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot alle menneske, frå sør til nord.

10. Alle menneske skal kjenna at eg, Herren, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma tilbake dit.

11. Men du, menneske, skal stønna som om hoftene blir knuste. Med bitter smerte skal du stønna rett framfor auga på dei.

12. Og når dei seier til deg: Kvifor stønnar du, skal du svara: På grunn av ei melding som kjem. Då skal kvart hjarte smelta bort, alle hender bli slappe, kvar ånd bli motlaus og alle kne bli som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! seier Herren Gud.

13. Herrens ord kom til meg:

14. Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren:Sverd, sverd, kvesst og slipt,

15. kvesst for å slakta,slipt for å blinka som lyn.– Eller skal vi gleda oss?Herskarstaven til son min foraktar du, kvart tre. –

16. Sverdet vart gjeve til slipingog lagt i handa.Det vart kvesst og sliptog gjeve til den som skal drepa.

17. Skrik og hyl, du menneske!For sverdet råkar mitt folkog alle Israels fyrstar.Dei er overlatne til sverdetsaman med mitt folk.Difor skal du slå deg på låret.

18. For dette er prøva.Kva om du òg har forakta herskarstaven?Det skal ikkje henda,seier Herren Gud.

19. Du menneske, tal profetordog slå i hop hendene!To og tre gonger skal sverdet råka.Det er eit sverd som drep mange,eit veldig drapssverdsom trengjer djupt inn,

20. så hjartet skal skjelvaog mange skal snubla.Eg set eit slaktesverdved alle portane deira.Ve! Det er laga for å lyna,slipt for å slakta.

21. Bit kvast til høgreog hogg til venstre,kvar du så blir vend.

22. Då skal eg òg slå hendene samanog bruka opp min harme.Eg, Herren, har tala.

23. Herrens ord kom til meg:

24. Du menneske, merk av to vegar som sverdet til Babel-kongen kan følgja. Begge vegane skal gå ut frå same landet. Og der vegane tek av til byar, skal du setja opp merke

25. ved vegkryssa, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til festningsby.

26. Attmed vegskiljet der dei to vegane byrjar, har Babel-kongen stilt seg opp for å ta varsel. Han kastar lodd med piler, søkjer råd hos terafar og granskar levra frå offerdyr.

27. I høgre handa har han varselet for Jerusalem. Der skal han reisa rambukkar, opna munnen i kampskrik og lyfta røysta til krigsrop. Han skal stilla opp rambukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.

28. I folks auge er dette eit tomt varsel, endå dei har eid på det. Dette minner dei om skulda som fører til fangenskap.

29. Difor, så seier Herren Gud: De minner dykk sjølve om dykkar skuld når brota dykkar blir openberre så synda viser seg i alt de gjer. Fordi de er minte om det, skal de takast til fange.

30. Og du, din gudlause brotsmann, Israels fyrste! Dagen er komen, tida for di endelege straff.

31. Så seier Herren Gud: Bort med turbanen, av med krona! Ikkje noko skal vera som det var! Gjer det låge høgt og det høge lågt!

32. Ruin, ruin, ruin gjer eg det til. Heller ikkje dette skjer før han kjem, han som eg har overlate dommen til.

33. Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud om ammonittane og deira spott:Sverd! Sverd! Trekt for å slakta,slipt for å sluka og lyna.

34. Medan du får tomme synog varsel som er løgn,skal det rettast mot halsenpå gudlause brotsmenn.Dagen er komen,tida for den endelege straffa.

35. Stikk sverdet i slira!På staden der du vart skapt,i landet du stammar frå,der vil eg dømma deg.

36. Eg auser ut min harme over degog blæs min vreideeld mot deg.Eg gjev deg over til ilskne menneske,meistrar i øydelegging.

37. Du skal bli til føde for elden,blodet ditt skal renna midt i landet,og ingen skal minnast deg meir.For eg, Herren, har tala.