Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 21:15-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. kvesst for å slakta,slipt for å blinka som lyn.– Eller skal vi gleda oss?Herskarstaven til son min foraktar du, kvart tre. –

16. Sverdet vart gjeve til slipingog lagt i handa.Det vart kvesst og sliptog gjeve til den som skal drepa.

17. Skrik og hyl, du menneske!For sverdet råkar mitt folkog alle Israels fyrstar.Dei er overlatne til sverdetsaman med mitt folk.Difor skal du slå deg på låret.

18. For dette er prøva.Kva om du òg har forakta herskarstaven?Det skal ikkje henda,seier Herren Gud.

19. Du menneske, tal profetordog slå i hop hendene!To og tre gonger skal sverdet råka.Det er eit sverd som drep mange,eit veldig drapssverdsom trengjer djupt inn,

20. så hjartet skal skjelvaog mange skal snubla.Eg set eit slaktesverdved alle portane deira.Ve! Det er laga for å lyna,slipt for å slakta.

21. Bit kvast til høgreog hogg til venstre,kvar du så blir vend.

22. Då skal eg òg slå hendene samanog bruka opp min harme.Eg, Herren, har tala.

23. Herrens ord kom til meg:

24. Du menneske, merk av to vegar som sverdet til Babel-kongen kan følgja. Begge vegane skal gå ut frå same landet. Og der vegane tek av til byar, skal du setja opp merke

25. ved vegkryssa, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til festningsby.

26. Attmed vegskiljet der dei to vegane byrjar, har Babel-kongen stilt seg opp for å ta varsel. Han kastar lodd med piler, søkjer råd hos terafar og granskar levra frå offerdyr.

27. I høgre handa har han varselet for Jerusalem. Der skal han reisa rambukkar, opna munnen i kampskrik og lyfta røysta til krigsrop. Han skal stilla opp rambukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.

28. I folks auge er dette eit tomt varsel, endå dei har eid på det. Dette minner dei om skulda som fører til fangenskap.

29. Difor, så seier Herren Gud: De minner dykk sjølve om dykkar skuld når brota dykkar blir openberre så synda viser seg i alt de gjer. Fordi de er minte om det, skal de takast til fange.

30. Og du, din gudlause brotsmann, Israels fyrste! Dagen er komen, tida for di endelege straff.

Les hele kapitlet Esekiel 21