Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 21:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, vend deg i retning Teman, spå mot sør og tal profetord mot skoglandet i Negev!

3. Sei til Negev-skogen: Høyr Herrens ord! Så seier Herren Gud: Eg set fyr på deg, og elden skal svi av kvart tre i deg, både friske og tørre. Den logande elden skal ikkje slokna, men svi kvart andlet frå sør til nord.

4. Alle menneske skal sjå at eg, Herren, har kveikt elden, og han skal ikkje slokna.

5. Då sa eg: Å, min Herre og Gud! Dei seier om meg: «No talar han i likningar att!»

6. Herrens ord kom til meg:

7. Menneske, vend deg mot Jerusalem, spå mot heilagdomen og tal profetord mot Israels land!

8. Sei til Israels land: Så seier Herren: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og ryddar ut både rettferdige og urettferdige hos deg.

9. Fordi eg vil rydda ut både rettferdige og urettferdige hos deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot alle menneske, frå sør til nord.

10. Alle menneske skal kjenna at eg, Herren, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma tilbake dit.

11. Men du, menneske, skal stønna som om hoftene blir knuste. Med bitter smerte skal du stønna rett framfor auga på dei.

12. Og når dei seier til deg: Kvifor stønnar du, skal du svara: På grunn av ei melding som kjem. Då skal kvart hjarte smelta bort, alle hender bli slappe, kvar ånd bli motlaus og alle kne bli som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! seier Herren Gud.

13. Herrens ord kom til meg:

Les hele kapitlet Esekiel 21