Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 17:13-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Han tok ein mann av kongeleg ætt og gjorde ei pakt med han, med dei forbanningar som høyrer til. Han tok stormennene i landet med seg.

14. Slik skulle riket haldast nede for at det ikkje skulle reisa seg meir, men halda pakta med han og bli ståande.

15. Men mannen gjorde opprør og sende talsmenn til Egypt for å skaffa hestar og mykje folk. Vil dette lukkast? Kan den sleppa unna som gjer slikt? Han som bryt pakta, kan han sleppa frå det?

16. Så sant eg lever, seier Herren Gud: I Babel, hos den kongen som gjorde han til konge, skal han døy. Han vanvørde forbanninga og braut pakta.

17. Farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk for å støtta han i krigen når fienden kastar opp ein voll og byggjer skansar for å rydda ut mange menneske.

18. Han vanvørde forbanninga og braut pakta. Endå han hadde gjeve handslag, gjorde han alt dette. Han skal ikkje sleppa unna.

19. Difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, fordi han vanvørde forbanninga og braut pakta, skal eg la dei råka hans eige hovud.

20. Eg spenner ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babel, der held eg dom over hans truløyse, for han var trulaus mot meg.

21. Alle som rømmer frå troppane hans, skal falla for sverd, og dei som blir att, skal spreiast for alle vindar. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala.

Les hele kapitlet Esekiel 17