Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Vinstokken og ørnane

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, sei fram ei gåte for Israels hus, fortel dei ei likning.

3. Du skal seia:Så seier Herren Gud:Den store ørna med store vengerog lange vengefjører,med tett og fargerik fjørham,kom til Libanon.Ho tok toppen av sederen,

4. braut av den øvste greina,førte henne til kremmarlandetog sette henne i handelsbyen.

5. Så tok ho ei plante som voks i landet,og sette henne i god jordpå ein stad med mykje vatn,planta henne som eit piletre.

6. Ho voks og vart til ein vinstokk,frodig, men låg av vekst,så rankene bøygde seg mot ørnaog røtene voks inn under henne.Ho vart til ein vinstokk som fekk greinerog strekte ut sine kvister.

7. Men det var ei anna stor ørnmed store venger, med mektig fjørham.Og sjå, vinstokken tøygde sine røterbort imot henne,bøygde greinene mot henne,så ho skulle gje han meir vatnenn jordstykket han var planta i.

8. I god jord, ved mykje vatn,var vinstokken planta,så han kunne få greiner og bera fruktog bli ein framifrå vinstokk.

9. Sei: Så seier Herren Gud:Kjem han til å trivast?Kjem ikkje røtene til å bli rivne opp,vinstokken til å bli ribba for fruktog kvart friskt skot til å tørka?Når han tørkar,trengst det ingen sterk armeller mykje folktil å riva han opp med rot.

10. Sjå, no er vinstokken planta.Men vil han trivast?Vil han ikkje berre tørkanår austavinden når han,tørka ut i den jorda der han voks?

11. Herrens ord kom til meg:

12. Sei til den trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Sei no: Babel-kongen kom til Jerusalem, tok kongen og stormennene hennar og førte dei med seg til Babel.

13. Han tok ein mann av kongeleg ætt og gjorde ei pakt med han, med dei forbanningar som høyrer til. Han tok stormennene i landet med seg.

14. Slik skulle riket haldast nede for at det ikkje skulle reisa seg meir, men halda pakta med han og bli ståande.

15. Men mannen gjorde opprør og sende talsmenn til Egypt for å skaffa hestar og mykje folk. Vil dette lukkast? Kan den sleppa unna som gjer slikt? Han som bryt pakta, kan han sleppa frå det?

16. Så sant eg lever, seier Herren Gud: I Babel, hos den kongen som gjorde han til konge, skal han døy. Han vanvørde forbanninga og braut pakta.

17. Farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk for å støtta han i krigen når fienden kastar opp ein voll og byggjer skansar for å rydda ut mange menneske.

18. Han vanvørde forbanninga og braut pakta. Endå han hadde gjeve handslag, gjorde han alt dette. Han skal ikkje sleppa unna.

19. Difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, fordi han vanvørde forbanninga og braut pakta, skal eg la dei råka hans eige hovud.

20. Eg spenner ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babel, der held eg dom over hans truløyse, for han var trulaus mot meg.

21. Alle som rømmer frå troppane hans, skal falla for sverd, og dei som blir att, skal spreiast for alle vindar. Då skal de kjenna at eg, Herren, har tala.

Guds lovnad om ny vokster

22. Så seier Herren Gud:Eg tek sjølv ein kvistav toppen på ein høg seder,frå dei øvste greineneriv eg eit fint skotog plantar det på eit fjell som ragar høgt.

23. På Israels høge fjell plantar eg det.Det skal få greiner og bera fruktog bli ein staut seder.Alle slags fuglar skal bu i det,alt som har venger, skal halda tili skuggen av greinene på det.

24. Då skal alle tre på markakjenna at eg, Herren,gjer det høge treet lågt,og det låge gjer eg høgt.Det friske treet lèt eg tørka,og det tørre lèt eg spira.Eg, Herren, eg har tala og vil setja det i verk.