Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 17:10-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Sjå, no er vinstokken planta.Men vil han trivast?Vil han ikkje berre tørkanår austavinden når han,tørka ut i den jorda der han voks?

11. Herrens ord kom til meg:

12. Sei til den trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Sei no: Babel-kongen kom til Jerusalem, tok kongen og stormennene hennar og førte dei med seg til Babel.

13. Han tok ein mann av kongeleg ætt og gjorde ei pakt med han, med dei forbanningar som høyrer til. Han tok stormennene i landet med seg.

14. Slik skulle riket haldast nede for at det ikkje skulle reisa seg meir, men halda pakta med han og bli ståande.

15. Men mannen gjorde opprør og sende talsmenn til Egypt for å skaffa hestar og mykje folk. Vil dette lukkast? Kan den sleppa unna som gjer slikt? Han som bryt pakta, kan han sleppa frå det?

16. Så sant eg lever, seier Herren Gud: I Babel, hos den kongen som gjorde han til konge, skal han døy. Han vanvørde forbanninga og braut pakta.

17. Farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk for å støtta han i krigen når fienden kastar opp ein voll og byggjer skansar for å rydda ut mange menneske.

18. Han vanvørde forbanninga og braut pakta. Endå han hadde gjeve handslag, gjorde han alt dette. Han skal ikkje sleppa unna.

Les hele kapitlet Esekiel 17