Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 15:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske! Kva gjer vinstokken ulik alle andre tre, vinranka mellom trea i skogen?

3. Kan treet frå den brukast til å laga noko av? Kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på?

4. Om han blir kasta på elden, brend i begge endar og svidd på midten, duger han då til noko?

5. Nei, sjølv då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til noko. Kor mykje mindre duger han ikkje då når elden har brent og svidd han!

Les hele kapitlet Esekiel 15