Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Den gagnlause vinstokken

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske! Kva gjer vinstokken ulik alle andre tre, vinranka mellom trea i skogen?

3. Kan treet frå den brukast til å laga noko av? Kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på?

4. Om han blir kasta på elden, brend i begge endar og svidd på midten, duger han då til noko?

5. Nei, sjølv då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til noko. Kor mykje mindre duger han ikkje då når elden har brent og svidd han!

6. Difor, så seier Herren Gud: Som eg gjer med vinstokken mellom trea i skogen når eg gjev han til føde for elden, slik gjer eg med dei som bur i Jerusalem.

7. Eg vender andletet mitt mot dei. Dei har gått ut av elden, men elden skal fortæra dei. De skal kjenna at eg er Herren når eg vender andletet mot dei.

8. Eg gjer landet til ei øydemark fordi dei har vore trulause, seier Herren Gud.