Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 15:6-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Filistrane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, svigersonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi svigerfaren tok kona hans og gav til bruresveinen.» Så drog filistrane opp og brende inne både kona og far hennar.

7. Då sa Samson til dei: «Er det slik de gjer, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemna meg på dykk.»

8. Og han slo dei sønder og saman, og det vart eit stort mannefall. Sidan drog han ned til Etam-juvet og gav seg til der.

9. No kom filistrane opp i Juda og slo leir der, og dei spreidde seg utover i Lehi.

10. Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera med han som han har gjort med oss.»

11. Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: «Veit du ikkje at filistrane herskar over oss? Kvifor har du gjort dette mot oss?» Han svara: «Som dei gjorde mot meg, har eg gjort mot dei.»

12. Då sa dei: «Vi er komne hit for å binda deg og gje deg over i hendene på filistrane.» Samson sa: «Gjer eid på at de ikkje vil overfalla meg.»

13. Dei svara: «Nei, vi vil berre binda deg og gje deg over i hendene deira; vi skal ikkje drepa deg.» Så batt dei han med to nye reip og førte han opp or juvet.

14. Då han kom til Lehi, sprang filistrane imot han med høge rop. Då kom Herrens ande over han. Det var som reipa om armane hans var brend lintråd, banda løyste seg opp i trevlar og fall ned frå hendene på han.

15. Så fann han eit friskt kjevebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det.

16. Då sa Samson:«Med kjeven av eit eselslo eg ein flokk, ja, to,med kjeven av eit eselslo eg tusen mann.»

Les hele kapitlet Dommarane 15