Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Samson hemnar seg på filistrane

1. Ei tid seinare, ein dag i kveiteskurden, kom Samson og ville sjå om kona si. Han hadde med seg eit kje. «Lat meg få koma inn i rommet til kona mi!» sa han. Men far hennar ville ikkje gje han lov til det.

2. Han sa: «Eg tenkte så visst at du ikkje lika henne meir, og så gav eg henne til bruresveinen din. Kan du ikkje ta veslesyster hennar i staden? Ho er då mykje vakrare.»

3. Då sa Samson: «Denne gongen er eg fri for skuld om eg gjer filistrane noko vondt.»

4. Så gjekk Samson av stad og fanga tre hundre revar. Han fann seg faklar, batt revane i hop etter halane, to og to, og feste ein fakkel mellom kvart halepar.

5. Så tende han faklane og sleppte revane inn på åkrane til filistrane. Slik brende han opp kornet, både det skorne og det uskorne, ja, til og med vinmarker og olivenhagar.

6. Filistrane spurde kven som hadde gjort dette, og folk svara: «Samson, svigersonen til Timna-mannen. Han gjorde det fordi svigerfaren tok kona hans og gav til bruresveinen.» Så drog filistrane opp og brende inne både kona og far hennar.

7. Då sa Samson til dei: «Er det slik de gjer, skal eg så visst ikkje kvila før eg får hemna meg på dykk.»

8. Og han slo dei sønder og saman, og det vart eit stort mannefall. Sidan drog han ned til Etam-juvet og gav seg til der.

9. No kom filistrane opp i Juda og slo leir der, og dei spreidde seg utover i Lehi.

10. Mennene i Juda spurde: «Kvifor kjem de hit og tek på oss?» Dei svara: «Vi vil binda Samson og gjera med han som han har gjort med oss.»

11. Då fór tre tusen judearar ned til Etam-juvet og sa til Samson: «Veit du ikkje at filistrane herskar over oss? Kvifor har du gjort dette mot oss?» Han svara: «Som dei gjorde mot meg, har eg gjort mot dei.»

12. Då sa dei: «Vi er komne hit for å binda deg og gje deg over i hendene på filistrane.» Samson sa: «Gjer eid på at de ikkje vil overfalla meg.»

13. Dei svara: «Nei, vi vil berre binda deg og gje deg over i hendene deira; vi skal ikkje drepa deg.» Så batt dei han med to nye reip og førte han opp or juvet.

14. Då han kom til Lehi, sprang filistrane imot han med høge rop. Då kom Herrens ande over han. Det var som reipa om armane hans var brend lintråd, banda løyste seg opp i trevlar og fall ned frå hendene på han.

15. Så fann han eit friskt kjevebein av eit esel; det greip han og slo i hel tusen mann med det.

16. Då sa Samson:«Med kjeven av eit eselslo eg ein flokk, ja, to,med kjeven av eit eselslo eg tusen mann.»

17. Då han hadde sagt dette, kasta han kjevebeinet frå seg. Sidan kalla dei den staden Kjevebeinhaugen.

18. Men så vart Samson brennande tørst, og han ropa til Herren: «Du har gjeve tenaren din denne store sigeren. Skal eg no døy av tørste og falla i hendene på dei uomskorne?»

19. Då opna Gud den hòla som er i Lehi, og det rann vatn or henne. Samson fekk drikka, livskrafta kom att, og han kvikna til. Difor kalla dei kjelda Roparkjelda. Ho er i Lehi den dag i dag.