Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Dommarane 17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Heilagdomen til Mika

1. I Efraim-fjella budde det ein mann som heitte Mika.

2. Ein dag sa han til mor si: «Dei elleve hundre sjekel sølv som vart tekne frå deg – eg høyrde sjølv at du uttala forbanninga – dei pengane er hos meg; det er eg som har teke dei.» Mor hans sa: «Herren velsigne deg, son min!»

3. Då han gav dei elleve hundre sjekel sølv tilbake til mor si, sa ho: «Eg helgar desse pengane til Herren og gjev dei til son min for å få laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete. No gjev eg dei tilbake til deg.»

4. Han gav pengane til mora, som tok to hundre sjekel og gav dei til ein gullsmed. Han laga eit utskore gudebilete og eit støypt bilete; dei stod sidan i huset til Mika.

5. Mika hadde eit gudshus. Han hadde laga ein efod og nokre terafar og sett ein av sønene sine til å vera prest for seg.

6. I dei dagane var det ingen konge i Israel. Kvar gjorde som han sjølv fann for godt.

7. Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda, frå Juda-slekta. Han var ein levitt som hadde slege seg ned der.

8. Mannen drog frå den byen, frå Betlehem i Juda, for å finna ein plass der han kunne slå seg ned. På ferda si kom han til huset åt Mika i Efraim-fjella.

9. Mika spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg er ein levitt frå Betlehem i Juda, og no er eg ute og ferdast og vil finna ein plass der eg kan slå meg ned.»

10. Då sa Mika til han: «Ver her hos meg og ver far og prest for meg! Eg skal gje deg ti sjekel sølv i året og halda deg med mat og klede.» Levitten kom,

11. og han gjekk med på å vera hos mannen og vart som ein av sønene hans.

12. Mika sette den unge levitten til prest hos seg, og han vart verande i huset til Mika.

13. Mika sa: «No veit eg at Herren vil gjera vel mot meg, sidan eg har fått ein levitt til prest.»