Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 5:9-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Då vart kong Belsasar så vitskremd at andletet bleikna, og stormennene hans stod rådville.

10. Då dronninga høyrde kva kongen og stormennene hans hadde sagt, kom ho inn i festsalen, tok til orde og sa: «Lenge leve kongen! Lat ikkje tankane skremma deg, bli ikkje bleik!

11. I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I din fars dagar viste det seg at han hadde opplysning og innsikt og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for draumetydarane, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge,

12. fordi det hos Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og innsikt, evne til å tyda draumar, tolka varsel og løysa flokar. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg tydinga.»

13. Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte jødane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda!

14. Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har vist at du har opplysning, innsikt og makelaus visdom.

15. No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og fortelja meg tydinga. Men dei er ikkje i stand til å tyda orda.

16. Men eg har høyrt om deg at du kan gje tydingar og løysa flokar. Kan du no lesa skrifta og fortelja meg tydinga, skal du bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal du vera den tredje i riket.»

17. Då tok Daniel til orde og sa til kongen: «Dei fine gåvene dine kan du ha sjølv eller gje dei til ein annan! Men skrifta skal eg lesa for kongen og fortelja tydinga.

18. Konge! Gud, Den høgste, gav rike og makt, ære og herlegdom til Nebukadnesar, far din.

19. Fordi Gud hadde gjeve han så stor makt, skalv alle folk og nasjonar og tungemål for han og var redde. Den han ville, lét han drepa, og den han ville, lét han leva; den han ville, gjorde han stor, og den han ville, gjorde han liten.

20. Men då han vart stor i eigne tankar og stolt og hovmodig i si ånd, vart han støytt ned frå kongetrona, og æra hans vart teken frå han.

21. Han vart jaga bort frå menneska, og hjartet hans vart som eit dyrehjarte. Han heldt til mellom villesel og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til han skjøna at Gud, Den høgste, rår over riket blant menneska og kan gje det til kven han vil.

Les hele kapitlet Daniel 5