Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Skrifta på veggen

1. Kong Belsasar heldt eit stort festmåltid for dei tusen stormennene sine og sat og drakk vin i lag med dei.

2. Belsasar vart påverka av vinen og baud at dei skulle henta dei gullkara og sølvkara som Nebukadnesar, far hans, hadde ført bort frå tempelet i Jerusalem. Så skulle kongen og stormennene hans, konene og følgjekonene hans drikka av dei.

3. Dei henta då gullkara som var bortførte frå tempelet, frå Guds hus i Jerusalem, og kongen og stormennene hans, konene og følgjekonene hans drakk av dei.

4. Dei drakk vin og prisa gudar av gull og sølv, bronse og jern, tre og stein.

5. I same augneblinken synte det seg fingrar av ei menneskehand, og dei skreiv på den kalka veggen i kongsslottet, midt imot lysestaken. Kongen såg handa som skreiv.

6. Då vart kongen bleik i andletet, og tankane hans skremde han. Hoftene veikna, og knea slo mot kvarandre.

7. Kongen ropa høgt at dei skulle henta åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Og han tok til orde og sa til vismennene i Babel: «Den mannen som kan lesa denne skrifta og seia meg kva ho tyder, han skal bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal han vera den tredje i riket.»

8. Alle vismennene til kongen kom inn til han. Men dei greidde ikkje lesa skrifta eller fortelja kongen tydinga.

9. Då vart kong Belsasar så vitskremd at andletet bleikna, og stormennene hans stod rådville.

10. Då dronninga høyrde kva kongen og stormennene hans hadde sagt, kom ho inn i festsalen, tok til orde og sa: «Lenge leve kongen! Lat ikkje tankane skremma deg, bli ikkje bleik!

11. I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I din fars dagar viste det seg at han hadde opplysning og innsikt og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for draumetydarane, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge,

12. fordi det hos Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og innsikt, evne til å tyda draumar, tolka varsel og løysa flokar. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg tydinga.»

13. Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte jødane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda!

14. Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har vist at du har opplysning, innsikt og makelaus visdom.

15. No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og fortelja meg tydinga. Men dei er ikkje i stand til å tyda orda.

16. Men eg har høyrt om deg at du kan gje tydingar og løysa flokar. Kan du no lesa skrifta og fortelja meg tydinga, skal du bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal du vera den tredje i riket.»

17. Då tok Daniel til orde og sa til kongen: «Dei fine gåvene dine kan du ha sjølv eller gje dei til ein annan! Men skrifta skal eg lesa for kongen og fortelja tydinga.

18. Konge! Gud, Den høgste, gav rike og makt, ære og herlegdom til Nebukadnesar, far din.

19. Fordi Gud hadde gjeve han så stor makt, skalv alle folk og nasjonar og tungemål for han og var redde. Den han ville, lét han drepa, og den han ville, lét han leva; den han ville, gjorde han stor, og den han ville, gjorde han liten.

20. Men då han vart stor i eigne tankar og stolt og hovmodig i si ånd, vart han støytt ned frå kongetrona, og æra hans vart teken frå han.

21. Han vart jaga bort frå menneska, og hjartet hans vart som eit dyrehjarte. Han heldt til mellom villesel og åt gras liksom oksane. Kroppen hans vart vætt med dogg frå himmelen til han skjøna at Gud, Den høgste, rår over riket blant menneska og kan gje det til kven han vil.

22. Men du, Belsasar, son hans, har ikkje vorte audmjuk, endå du visste alt dette.

23. Du har opphøgd deg mot herren over himmelen. Dei har kome til deg med kar frå huset hans, og du og stormennene dine, konene og følgjekonene dine har drukke vin av dei. Du prisa gudar av sølv og gull, bronse og jern, tre og stein, som korkje ser eller høyrer eller skjønar. Men den Gud som har livet ditt i si hand, og som rår for heile livsvegen din, han har du ikkje æra.

24. Difor vart denne handa send frå han og denne skrifta skriven.

25. Dette er det som vart skrive: mene, mene, tekel ufarsin.

26. Og dette er tydinga av orda: Mene – talt. Gud har talt dagane til kongedømet ditt og gjort slutt på det.

27. Tekel – vegen. Du er vegen på vekta og funnen for lett.

28. Peres – delt opp. Riket ditt er delt opp og gjeve til medarane og persarane.»

29. Då baud Belsasar at dei skulle kle Daniel i purpur, hengja gullkjeda om halsen hans og ropa ut at han i makt skulle vera den tredje i riket.

30. Men same natta vart Belsasar, kaldearkongen, drepen.