Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Daniel 5:2-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Belsasar vart påverka av vinen og baud at dei skulle henta dei gullkara og sølvkara som Nebukadnesar, far hans, hadde ført bort frå tempelet i Jerusalem. Så skulle kongen og stormennene hans, konene og følgjekonene hans drikka av dei.

3. Dei henta då gullkara som var bortførte frå tempelet, frå Guds hus i Jerusalem, og kongen og stormennene hans, konene og følgjekonene hans drakk av dei.

4. Dei drakk vin og prisa gudar av gull og sølv, bronse og jern, tre og stein.

5. I same augneblinken synte det seg fingrar av ei menneskehand, og dei skreiv på den kalka veggen i kongsslottet, midt imot lysestaken. Kongen såg handa som skreiv.

6. Då vart kongen bleik i andletet, og tankane hans skremde han. Hoftene veikna, og knea slo mot kvarandre.

7. Kongen ropa høgt at dei skulle henta åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Og han tok til orde og sa til vismennene i Babel: «Den mannen som kan lesa denne skrifta og seia meg kva ho tyder, han skal bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal han vera den tredje i riket.»

8. Alle vismennene til kongen kom inn til han. Men dei greidde ikkje lesa skrifta eller fortelja kongen tydinga.

9. Då vart kong Belsasar så vitskremd at andletet bleikna, og stormennene hans stod rådville.

10. Då dronninga høyrde kva kongen og stormennene hans hadde sagt, kom ho inn i festsalen, tok til orde og sa: «Lenge leve kongen! Lat ikkje tankane skremma deg, bli ikkje bleik!

11. I riket ditt finst det ein mann som har dei heilage gudars ånd i seg. I din fars dagar viste det seg at han hadde opplysning og innsikt og ein slik visdom som gudane har. Kong Nebukadnesar, far din, sette han til leiar for draumetydarane, åndemanarane, stjernetydarane og teikntydarane. Det gjorde far din, konge,

12. fordi det hos Daniel – han som kongen gav namnet Beltsasar – fanst ei makelaus ånd, vit og innsikt, evne til å tyda draumar, tolka varsel og løysa flokar. Send no bod etter Daniel! Han kan seia deg tydinga.»

13. Så henta dei Daniel inn til kongen, og kongen sa til han: «Så du er Daniel, ein av dei bortførte jødane, som far min, kongen, tok med seg hit frå Juda!

14. Eg har høyrt om deg at gudars ånd er i deg, og at du har vist at du har opplysning, innsikt og makelaus visdom.

15. No er vismennene og åndemanarane henta hit til meg for å lesa denne skrifta og fortelja meg tydinga. Men dei er ikkje i stand til å tyda orda.

16. Men eg har høyrt om deg at du kan gje tydingar og løysa flokar. Kan du no lesa skrifta og fortelja meg tydinga, skal du bli kledd i purpur og få gullkjede om halsen, og i makt skal du vera den tredje i riket.»

17. Då tok Daniel til orde og sa til kongen: «Dei fine gåvene dine kan du ha sjølv eller gje dei til ein annan! Men skrifta skal eg lesa for kongen og fortelja tydinga.

Les hele kapitlet Daniel 5