Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 8:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. De seier: «Når er nymånefesten over,så vi kan selja korn,og sabbaten til ende,så vi kan opna kornsalet?Då gjer vi målet for liteog prisen for høgog fuskar med falske vekter.

6. Då kjøper vi småkårsfolk for pengar,ein fattig for eit par sandalar,og sel avfallskorn!»

7. Herren har svore ved Jakobs byrgskap:Aldri skal eg gløymanoko av det dei har gjort!

8. Må ikkje jorda skjelva for slikt,så alle som bur der, sørgjer?Ja, må ho ikkje fløyma som Nilen,stiga og siga som elva i Egypt?

9. Den dagen, seier Herren Gud,lèt eg sola gå ned ved middagstidog gjer jorda mørk ved høglys dag.

10. Festane gjer eg til sørgjehøgtiderog alle songane til likklage,eg legg sekkestrie om alle hofterog lèt kvart hovud rakast snautt,som i sorg over einaste sonen.Enden blir ein bitter dag.

11. Sjå, dagar skal koma, seier Herren Gud,då eg sender svolt i landet,ikkje svolt etter brødog ikkje tørste etter vatn,men etter å høyra Herrens ord.

12. Dei skal flakka om frå hav til hav,streifa omkring frå nord til austog leita etter Herrens ord,men dei skal ikkje finna det.

Les hele kapitlet Amos 8