Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 6:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ve dei sorglause på Sionog dei trygge på Samarias fjell,dei gjævaste av det fremste folkeslaget,dei som Israels hus vender seg til.

2. Far til Kalne og sjå,gå derifrå til Hamat-Rabbaog far ned til Gat i Filistarland!Er de betre enn desse rika?Har dei eit større område enn de?

3. De vil jaga ulukkedagen bort,men set vald i høgsetet.

4. Dei ligg på elfenbeinsbenkerog strekkjer seg på divanar,dei et lam frå saueflokkenog gjøkalvar frå buskapen.

5. Dei skrålar til harpespelsom var dei David,og reknar instrumenta hans som sine.

6. Dei drikk vin av offerskålerog salvar seg med den finaste olje,men lid ikkje under Josefs samanbrot.

7. Difor skal dei no drivast i eksil,fremst mellom dei bortførte.Då blir det slutt på festsamlinganeder dei ligg og dreg seg.

Les hele kapitlet Amos 6