Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 2:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Moab, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei brende Edom-kongens knoklar til kalk.

2. Eg sender eld mot Moab,han skal øyda borgene i Kerijot.Moab skal døy under krigslarm,under kamprop og hornstøytar.

3. Eg ryddar ut dommaren derog drep stormennene med,seier Herren.

4. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Juda, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei forakta Herrens lov,dei heldt ikkje hans forskrifter.Løgner førte dei vill,løgner som fedrane følgde.

5. Eg sender eld mot Juda,han skal øyda borgene i Jerusalem.

6. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Israel, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei sel den rettferdige for pengar,den fattige for eit par sandalar.

7. Dei trakkar hovudet til dei svake ned i støvetog trengjer hjelpelause bort frå vegen.Ein mann og far hans går til same jentaså mitt heilage namn blir vanhelga.

Les hele kapitlet Amos 2