Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Amos 2:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Moab, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei brende Edom-kongens knoklar til kalk.

2. Eg sender eld mot Moab,han skal øyda borgene i Kerijot.Moab skal døy under krigslarm,under kamprop og hornstøytar.

3. Eg ryddar ut dommaren derog drep stormennene med,seier Herren.

4. Så seier Herren:Tre ugjerningar av Juda, ja, fire– eg held det ikkje tilbake!For dei forakta Herrens lov,dei heldt ikkje hans forskrifter.Løgner førte dei vill,løgner som fedrane følgde.

Les hele kapitlet Amos 2