Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 6:7-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

8. Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke.

9. Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

10. No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg, eit land med store, vakre byar som du ikkje har bygd,

11. velfylte hus som du ikkje har fylt, utgravne brønnar som du ikkje har grave, vinmarker og oliventre som du ikkje har planta. Når du så har ete deg mett,

12. ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

13. Herren din Gud skal du frykta, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.

14. De skal ikkje følgja andre gudar, slike gudar som grannefolka dykkar følgjer.

15. For Herren din Gud, som er hos deg, er ein nidkjær Gud. Harmen hans kunne flamma opp mot deg og utrydda deg frå jorda.

16. De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, slik som de gjorde ved Massa.

17. Legg vinn på å halda lovene til Herren dykkar Gud, dei boda og forskriftene som han har gjeve deg.

18. Du skal gjera det som er rett og godt i Herrens auge, så det kan gå deg vel. Då skal du få koma inn og ta i eige det gode landet som Herren med eid lova fedrane våre.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 6