Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 6:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er dei boda, forskriftene og lovene som Herren dykkar Gud har pålagt meg å læra dykk, for at de skal leva etter dei i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

2. Du skal frykta Herren din Gud så lenge du lever, og halda alle boda og forskriftene hans som eg gjev deg, både du og son din og soneson din, og du skal få eit langt liv.

3. Høyr då, Israel! Legg vinn på å leva etter dei! Då skal det gå deg vel. De skal bli talrike, slik som Herren, dine fedrars Gud, har lova deg, i eit land som fløymer med mjølk og honning.

4. Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.

5. Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt.

6. Desse orda som eg byd deg i dag, skal du gøyma i hjartet ditt.

7. Du skal innprenta dei i borna dine og snakka om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

8. Du skal binda dei om handa di som eit teikn og bera dei på panna som eit merke.

9. Du skal skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

10. No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg, eit land med store, vakre byar som du ikkje har bygd,

11. velfylte hus som du ikkje har fylt, utgravne brønnar som du ikkje har grave, vinmarker og oliventre som du ikkje har planta. Når du så har ete deg mett,

12. ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.

13. Herren din Gud skal du frykta, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.

14. De skal ikkje følgja andre gudar, slike gudar som grannefolka dykkar følgjer.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 6