Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 4:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Ta deg i vare og vakta deg vel så du ikkje gløymer det du har sett med eigne auge. Lat det aldri gå deg av minne så lenge du lever, men fortel borna og barneborna dine om det,

10. om den dagen då du stod framfor Herren din Gud ved Horeb, den gongen Herren sa til meg: «Kall folket saman for meg! Eg vil la dei høyra orda mine, så dei kan læra å frykta meg så lenge dei lever i landet, og læra borna sine det same.»

11. Då kom de og stod innmed foten av fjellet, og fjellet brann med eldtunger som nådde inn i himmelen. Det var mørker, skyer og skodde.

12. Og Herren tala til dykk ut frå elden. De høyrde lyden av orda, men såg ingen skapnad. Det var berre ei røyst.

13. Han kunngjorde pakta si som han påla dykk å halda, dei ti boda som han skreiv på to steintavler.

14. Den gongen påla Herren meg å læra dykk dei forskriftene og lovene de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

15. Ta dykk vel i akt! De såg ingen skapnad den dagen Herren tala til dykk ut frå elden på Horeb.

16. Difor må de ikkje gjera noko så øydeleggjande som å laga dykk gudebilete av nokon skapnad, ikkje noko bilete med form som ein mann eller ei kvinne,

17. eit dyr på jorda eller ein fugl som flyg under himmelen,

18. eit kryp på marka eller ein fisk i vatnet under jorda.

19. Og når du lyfter auga dine opp mot himmelen og ser sola og månen og stjernene, heile himmelhæren, må du heller ikkje la deg riva med så du tilbed dei og dyrkar dei, for desse har Herren din Gud gjeve til alle folka under himmelen.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 4