Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 4:25-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Du skal få born og barneborn og bu lenge i landet. Men dersom de gjer noko så øydeleggjande som å laga gudebilete i nokon skapnad, gjer det som er vondt i Herren din Guds auge og gjer han rasande,

26. tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart blir utrydda frå det landet de legg under dykk når de går over Jordan. De får ikkje leva lenge der, men skal gå heilt til grunne.

27. Herren skal spreia dykk mellom folka. Ein liten rest blir att blant folkeslaga Herren fører dykk bort til.

28. Der kjem de til å dyrka gudar som er laga av menneskehender, stokk og stein som korkje kan sjå eller høyra, eta eller lukta.

29. Men dersom de søkjer Herren din Gud der, skal du finna han når du søkjer han av heile ditt hjarte og heile di sjel.

30. I di naud, når alt dette rammar deg i dagar som kjem, skal du venda om til Herren din Gud og høyra på røysta hans.

31. For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og øydelegg deg ikkje. Han gløymer ikkje den pakta han gjorde med fedrane dine, og som han stadfeste med eid.

32. Spør berre om dei framfarne dagar som var lenge før di tid, alt frå den dagen då Gud skapte menneska på jorda, spør frå den eine enden av himmelen til den andre: Har det hendt noko så stort som dette, har nokon høyrt om slikt?

33. Har noko folk høyrt ei guderøyst tala ut frå elden, slik som du gjorde, og endå fått leva?

34. Eller har nokon gud prøvd å koma og henta seg eit folk ut frå eit anna, ved prøvingar og teikn, ved under og krig, med sterk hand og utstrekt arm og store, skremmelege gjerningar? Alt dette såg du at Herren dykkar Gud gjorde for dykk i Egypt.

35. Du fekk sjå det for at du skulle vita at det er Herren som er Gud, og at ingen er til utanom han.

36. Frå himmelen lét han deg høyra røysta si for å rettleia deg; på jorda lét han deg sjå sin store eld, og ut frå elden høyrde du orda hans.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 4