Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 4:21-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Men Herren vart harm på meg for dykkar skuld, og han svor at eg ikkje skulle få gå over Jordan og ikkje koma inn i det gode landet som Herren din Gud vil gje deg til eige.

22. Eg må døy i dette landet og får ikkje koma over Jordan. Men de skal få gå over elva og ta det gode landet i eige.

23. Ta dykk i vare så de ikkje gløymer pakta som Herren dykkar Gud har gjort med dykk, og lagar dykk gudebilete i skapnad av noko som Herren din Gud har forbode deg.

24. For Herren din Gud er ein øydande eld, ein nidkjær Gud.

25. Du skal få born og barneborn og bu lenge i landet. Men dersom de gjer noko så øydeleggjande som å laga gudebilete i nokon skapnad, gjer det som er vondt i Herren din Guds auge og gjer han rasande,

26. tek eg i dag himmel og jord til vitne på at de snart blir utrydda frå det landet de legg under dykk når de går over Jordan. De får ikkje leva lenge der, men skal gå heilt til grunne.

27. Herren skal spreia dykk mellom folka. Ein liten rest blir att blant folkeslaga Herren fører dykk bort til.

28. Der kjem de til å dyrka gudar som er laga av menneskehender, stokk og stein som korkje kan sjå eller høyra, eta eller lukta.

29. Men dersom de søkjer Herren din Gud der, skal du finna han når du søkjer han av heile ditt hjarte og heile di sjel.

30. I di naud, når alt dette rammar deg i dagar som kjem, skal du venda om til Herren din Gud og høyra på røysta hans.

31. For Herren din Gud er ein miskunnsam Gud. Han slepper deg ikkje og øydelegg deg ikkje. Han gløymer ikkje den pakta han gjorde med fedrane dine, og som han stadfeste med eid.

32. Spør berre om dei framfarne dagar som var lenge før di tid, alt frå den dagen då Gud skapte menneska på jorda, spør frå den eine enden av himmelen til den andre: Har det hendt noko så stort som dette, har nokon høyrt om slikt?

33. Har noko folk høyrt ei guderøyst tala ut frå elden, slik som du gjorde, og endå fått leva?

Les hele kapitlet 5. Mosebok 4