Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 31:22-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Same dagen skreiv Moses ned denne songen og lét israelittane læra han.

23. Og Herren sa til Josva, son til Nun: «Ver modig og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.»

24. Då Moses hadde skrive ned denne lova i ein bokrull, frå først til sist,

25. gav han levittane, som ber Herrens paktkiste, dette påbodet:

26. Ta denne lovboka og legg henne ned ved sida av paktkista til Herren dykkar Gud. Der skal ho liggja som eit vitne mot deg.

27. For eg veit kor trassig og stivnakka du er. Alt no medan eg lever iblant dykk, har de vist trass mot Herren. Kor mykje meir når eg er død!

28. Kall no saman alle dei eldste i stammane dykkar og tilsynsmennene, så vil eg la dei høyra desse orda og ta himmel og jord til vitne mot dei.

29. For eg veit at når eg er død, kjem de til å handla ille og bøya av frå den vegen eg har sagt de skal gå. I dagar som kjem, skal ulukka ramma dykk fordi de gjer det som vondt er i Herrens auge, og gjer han rasande med framferda dykkar.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 31