For eg veit at når eg er død, kjem de til å handla ille og bøya av frå den vegen eg har sagt de skal gå. I dagar som kjem, skal ulukka ramma dykk fordi de gjer det som vondt er i Herrens auge, og gjer han rasande med framferda dykkar.