Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 33:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Desse dagsmarsjane gjorde israelittane då dei drog ut frå Egypt, hæravdeling for hæravdeling, leia av Moses og Aron.

2. På Herrens ord skreiv Moses opp dei stadene dei tok ut frå på dagsmarsjane sine. Og dette er dagsmarsjane, rekna frå dei stadene dei tok ut frå:

3. Dei braut opp frå Ramses på den femtande dagen i den første månaden. Dagen etter påskehøgtida drog israelittane av stad med lyft hand, midt for auga på alle egyptarane.

4. Egyptarane heldt då på og gravla alle sine førstefødde, som Herren hadde slege i hel hos dei. Herren hadde òg halde dom over gudane deira.

5. Israelittane braut opp frå Ramses og slo leir i Sukkot.

6. Frå Sukkot braut dei opp og slo leir i Etam, som ligg i utkanten av ørkenen.

7. Frå Etam braut dei opp og tok ei anna lei mot Pi-Hahirot, som ligg midt imot Baal-Safon, og dei slo leir framfor Migdol.

8. Frå Pi-Hahirot braut dei opp og gjekk gjennom sjøen og inn i ørkenen. Så gjekk dei tre dagar gjennom Etam-ørkenen og slo leir i Mara.

9. Frå Mara braut dei opp og kom til Elim. I Elim var det tolv vasskjelder og sytti palmetre, og dei slo leir der.

10. Frå Elim braut dei opp og slo leir ved Sivsjøen.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 33