Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 29:4-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

5. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk.

6. Dette skal de ofra i tillegg til nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet, med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til, slik regelen seier. Det skal vera eit gåveoffer til godange for Herren.

7. Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. De skal visa måtehald og ikkje gjera noko arbeid.

8. De skal ofra brennoffer til godange for Herren: ein okse, ein vêr og sju årsgamle lam, og dei må vera utan feil.

9. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for vêren

10. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

11. Ein geitebukk skal de bera fram som syndoffer, i tillegg til det sonande syndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

12. Den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då skal de ikkje gjera noko slags arbeid. I sju dagar skal de feira høgtid for Herren.

13. De skal ofra brennoffer, eit gåveoffer til godange for Herren: tretten unge oksar, to vêrar og fjorten årsgamle lam. Dei skal vera utan feil.

14. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar av dei tretten oksane, to tiandedels efa for kvar av dei to vêrane

15. og ein tiandedels efa for kvart av dei fjorten lamma.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 29