Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 26:53-63 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

53. «Mellom desse skal landet fordelast til odel og eige, etter folketalet.

54. Til dei talrike skal du gje ein stor eigedom og til dei fåtalige ein mindre. Kvar stamme skal få eigedom etter kor mange som vart mønstra.

55. Landet skal delast ved loddkasting. Dei skal få arvedel etter namna på stammane til fedrane deira.

56. Etter som loddet fell, skal kvar stamme, stor eller liten, få sin eigedom.»

57. Dette er dei levittane som vart mønstra, slekt for slekt: frå Gersjon Gersjon-slekta, frå Kehat Kehat-slekta og frå Merari Merari-slekta.

58. Desse slektene kjem frå levittane: Libni-slekta, Hebron-slekta, Mahli-slekta, Musji-slekta og Korah-slekta. Kehat fekk sonen Amram;

59. kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Ho fødde Amram sønene Aron og Moses og syster deira, Mirjam.

60. Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

61. Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigsla eld fram for Herren.

62. Talet på levittane var 23 000 når alle menn og alle gutar som var meir enn ein månad gamle, var medrekna. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, fordi dei ikkje fekk nokon eigedom som dei andre israelittane.

63. Dette er dei som vart mønstra då Moses og presten Elasar mønstra israelittane på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 26