Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 26:51-60 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

51. Dette var dei av israelittane som vart mønstra, 601 730 i alt.

52. Herren sa til Moses:

53. «Mellom desse skal landet fordelast til odel og eige, etter folketalet.

54. Til dei talrike skal du gje ein stor eigedom og til dei fåtalige ein mindre. Kvar stamme skal få eigedom etter kor mange som vart mønstra.

55. Landet skal delast ved loddkasting. Dei skal få arvedel etter namna på stammane til fedrane deira.

56. Etter som loddet fell, skal kvar stamme, stor eller liten, få sin eigedom.»

57. Dette er dei levittane som vart mønstra, slekt for slekt: frå Gersjon Gersjon-slekta, frå Kehat Kehat-slekta og frå Merari Merari-slekta.

58. Desse slektene kjem frå levittane: Libni-slekta, Hebron-slekta, Mahli-slekta, Musji-slekta og Korah-slekta. Kehat fekk sonen Amram;

59. kona til Amram heitte Jokebed. Ho var dotter til Levi og var fødd i Egypt. Ho fødde Amram sønene Aron og Moses og syster deira, Mirjam.

60. Aron fekk sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 26