44. Dette er etterkomarane av Asjer, slekt for slekt: Frå Jimna kjem Jimna-slekta, frå Jisjvi Jisjvi-slekta, frå Beria Beria-slekta.
45. Etterkomarane av Beria er: frå Heber Heber-slekta og frå Malkiel Malkiel-slekta.
46. Asjers dotter heitte Sera.
47. Det var slektene til Asjer-sønene, og talet på dei som vart mønstra, var 53 400.
48. Dette er etterkomarane av Naftali, slekt for slekt: Frå Jahseel kjem Jahseel-slekta, frå Guni Guni-slekta,
49. frå Jeser Jeser-slekta og frå Sjillem Sjillem-slekta.
50. Det var Naftali-slektene, slekt for slekt, og talet på dei som vart mønstra, var 45 400.
51. Dette var dei av israelittane som vart mønstra, 601 730 i alt.