Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 26:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. sa Herren til Moses og presten Elasar, son til Aron:

2. «Tel opp heile Israelsfolket, familie for familie, alle stridsføre menn i Israel som er tjue år eller meir!»

3. Då sa Moses og presten Elasar frå om dette på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Dei sa:

4. «– alle som er tjue år eller meir, slik Herren har pålagt Moses!»Dette er etterkomarane av dei israelittane som drog ut frå Egypt:

5. Ruben, Israels førstefødde, og Rubens etterkomarar: Frå Henok kjem Henok-slekta, frå Pallu Pallu-slekta,

6. frå Hesron Hesron-slekta og frå Karmi Karmi-slekta.

7. Det var Ruben-slektene, og av dei vart 43 730 mønstra.

8. Son til Pallu var Eliab,

9. og sønene til Eliab var Nemuel, Datan og Abiram. Det var Datan og Abiram, menn som var utvalde frå forsamlinga, som gjorde opprør mot Moses og Aron den gongen Korahs forsamling sette seg opp mot Herren.

10. Jorda opna gapet og slukte både dei og Korah då forsamlinga hans omkom, den gongen elden gjorde ende på to hundre og femti mann. Dei vart eit teikn til åtvaring.

11. Men sønene til Korah mista ikkje livet.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 26