Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 11:5-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. «Vi minnest fisken vi fritt kunne eta i Egypt, og agurkane, melonane og purren, lauken og kvitlauken.

6. No visnar vi bort, for her har vi ingen ting. Auga våre ser ikkje anna enn manna.»

7. Mannaen likna korianderfrø og såg ut som bedolah-kvae.

8. Folket sprang utover og sanka. Dei mol han på handkvern eller støytte han i mortar. Så kokte dei han i gryte og laga kaker av han. Smaken var som smaken av kaker baka med olje.

9. Når dogga fall over leiren om natta, fall mannaen med.

10. Moses høyrde folket jamra seg, den eine familien etter den andre, kvar frå inngangen til sitt eige telt. Då flamma Herrens vreide opp. Moses syntest det var ille.

11. Moses sa til Herren: Kvifor gjer du tenaren din så vondt? Kvifor finn eg ikkje nåde for auga dine? Du legg børa av heile folket på meg!

12. Er det eg som har unnfanga heile dette folket? Er det eg som har fødd det, sidan du seier: Ber det ved brystet, slik ei amme ber eit spedbarn, heilt fram til landet du med eid har lova fedrane deira!

13. Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket når dei jamrar seg og seier til meg: «Gjev oss kjøt å eta!»

14. Eg maktar ikkje å bera heile dette folket åleine. Det er for tungt for meg.

15. Er det slik du vil laga det for meg, så drep meg heller med ein gong, så sant eg har funne nåde for auga dine. Lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke!

16. Då sa Herren til Moses: Kall saman for meg sytti mann av dei eldste i Israel, dei du veit er eldste og tilsynsmenn i folket. Ta dei med til teltheilagdomen og lat dei stilla seg der saman med deg!

17. Eg skal koma ned og tala med deg der. Eg skal ta av den anden som er over deg, og leggja over på dei. Dei skal bera børa av folket saman med deg, så du ikkje treng bera åleine.

18. Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. For Herren har høyrt at de har jamra og sagt: «Kven kan gje oss kjøt å eta? Vi hadde det betre i Egypt.» No skal Herren gje dykk kjøt.

19. Ikkje éin dag skal de eta det, og ikkje to, ikkje fem dagar eller ti dagar eller tjue dagar,

20. men ein heil månad, heilt til det kjem ut or naseborene på dykk og byd dykk imot. For de vraka Herren som er midt imellom dykk. De jamra dykk for hans andlet og sa: «Kvifor drog vi ut frå Egypt?»

21. Då sa Moses: «Det folket eg har med meg, tel 600 000 mann til fots. Og så seier du: Eg skal gje dei kjøt så dei kan eta ein heil månad.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 11